Wikipedia i skolen

Seth Godin parkerer diskusjonen om Wikipedia i skolen: Å forstå og syntetisere informasjonen er viktig. Å finne den er ikke viktig, siden det nå kan automatiseres.
Minner egentlig om et leserinnlegg fra en elev i Aftenposten som hadde brukt 15.000 kroner på PC og utstyr og så ikke fikk lov til å bruke det i klasserommet…

5 thoughts on “Wikipedia i skolen

  1. Et hovedproblem for lærere (bortsett fra den inngrodde skepsisen til alt nytt) er at kunnskapen om hvordan man finner og skaper kunnskap idag, ikke finnes i en lett tilgjengelig, standardisert og systematisert form. Foreleser om informasjonskompetanse for tiden, og ser definitivt en mangel på relevante, norske nettsteder og oppdatert litteratur – noe som gjør at man kan si «gå dit for å komme igang», om man vil.
    Dette gjelder forøvrig ikke bare nettet, også kompetansen på papirbasert litteratur er svak. Jeg har ennå til gode å møte noen som har svart «årstallet for utgivelse» når jeg stiller spørsmålet: «Hva er det første du bør se etter når du skal vurdere kvaliteten på en fagbok?»

  2. Eg veit ikkje kva diskusjon du meiner Seth Godin her parkerer. «Diskusjonen om Wikipedia i skulen» er ikkje ein diskusjon, men fleire.
    Diskusjonen om sannheitsgehalten i Wikpedia er ein del av den store diskusjonen om IKT i skulen, men ver klår over at andre moment ved denne diskusjonen rører ved grunnlaget for læring. Vi entusiastar kan banke inn i kvar skolt vi treff på at Wikipedia per dags dato ikkje inneheld særleg meir feil enn til dømes Encyclopaedia Britannica. Dette hjelper likevel ikkje før ein i skulen får aksept for det langt viktigare argumentet — viktigare av di det rører ved eit kunnskapsparadigme– om at kunnskap ikkje ligg i ein autoritært beslutta instans bragt til oss frå oven, men imellom oss, i samfunnet, som noe flyktig som må tolkast, bearbeidast og oppdaterast menneska imellom.
    I ein slik ontologi passar Wikipedia betre inn, og som den indignerte skuleeleven du òg viser til peikar på, vil ein umogleg kunne nekte elevane PC-ar til prøvar og eksamen. Målet er jo nettopp å kunne velje, sortere, kritisere, og syntetisere. I dag fryktar vi juks, av di kunnskapsmåling handlar om å vege det eleven greier å harke or seg i løpet av ei gitt tid. PC-satsinga i skulane (dei vidaregåande), der elevane skal ha kvar sin laptop, er såleis eit prosjekt som demonsterer ein stor sjølvmotsetnad i læringssyn: På ei side skal ein late elevane få jobbe med ulike kjelder og lagre, sortere og dokumentere arbeidet sitt slik at ein kan evaluere kva prosessar elevane går inn i medan dei jobbar, som kritiske lesekunnige. På den andre sida skal verktøyet dei nyttar, vindauget ut mot verda og inn mot hovuda deira (eg er litt romantisk på vegner av laptopen her), parkerast når denne kunnskapen skal målast. Slik kunnskapstesting er som å måle avstanden mellom jorda og Jupiter ved hjelp av ei badevekt.
    Problemet i skulen er altså ikkje å få aksept for bruken av IKT, og fleire skular nyttar i stor grad kjelder frå kollektive kunnskapssamfunn, og tar det inn over seg som eit viktig ledd i danninga av elevane. Problemet er at ein ikkje får uttelling for slikt arbeid når kunnskapen skal målast. Kan skjøne ein vil kome til å konkludere med at IKT-satsinga i skulen er fånyttes, sidan ein på eksamenar og prøvar ikkje vil sjå merkbare resultat?

  3. Eirik: Eg er slett ikkje samd i påstanden om skepsisen til alt nytt blant lærarar. Eg trur dette er eit døme på ei sanning som har blitt akkurat det ved å bli gjentatt ofte nok. Ei lang runde med kurs og seminar blant norsklærarar (som etter den same folkloren skal vere mellom dei mest motstandsdyktige mot alt nytt) oppdaga eg tvert om ei stor vilje til å ta inn over seg nye ting, vel å merkje så lenge dei såg ein pedagogisk grunn til det. Skal ein vere rettferdig kan ein ikkje seie at alle IKT-satsingar i skulen har vore like gjennomtenkte eller peda-logiske.
    Mine røynsler viser ei klår begeistring for teknologiar og idèar knytt til det prosesuelle, som til dømes wikiskriving, blogg, ulike måtar å lage og dele tekstar på i ulike semiotiske felt (JumpCut som eitt døme), kort sagt fleire vertktøy som understøttar ei slags sosialkonstruktivistisk idè som mange har heile utdanninga si tufta på.

  4. Arne Olav – jeg mente del to av det du snakker om (og kunne nok være litt mer spesifikk.) Forøvrig skriver du glimrende og burde snarest forfatte et innlegg ett eller annet sted basert på hva du skriver her.

  5. IKT-bruk og eksamensresultater…
    «Kan skjøne ein vil kome til å konkludere med at IKT-satsinga i skulen er fånyttes, sidan ein på eksamenar og prøvar ikkje vil sjå merkbare resultat?»
    Det motsatte ser vi også en god del spesifikke eksempler på, f.eks. at det feilaktig påstås å være en vesentlig kausal sammenheng mellom omfanget av generell IKT-bruk og eksamensresultater for matematikk.
    At evalueringsmoderniseringen vil ha et hyggelig tempo fremover er jeg sikker på at vi kan se frem til, dette basert på signaler på begge siden av Atlanteren …

Kommentarer er stengt.